Spørsmål?
Hei!
Eg har inntrykk av at mange lurer på ting ang. det å vere utvekslingstudent. Så viss noken har spørsmål så er det berre å spørre! Spør om kva som helst; om Explorius, USA, skulen og faga (eg går på media og kommunikasjon her i Norge), om livet i USA…
Send ein email til linda.e.k.hjelle@gmail.com :)
Oh you make me smile
Halo! Ville berre seie at eg kosar meg her heime i Noreg. No er skulen begynt også. Har farta masse rundt omkring i heile sommar, og har blant anna vore i; Finland, Estland, Tyrkia, Egypt og Spania. Eg er rett og slett fornøgd med livet akkurat no. Har bestemt meg for å studere International Relations i Barcelona til neste år, viss eg kjem inn.
I miss this life
The After Thing. (graduation)
Rett etter Graduation reiste vi heim til oss, der vi spiste familiedinner, dessert, drakk litt vin, røykte litt hookah pipe osv. Ein koselig “sammenkomst” om du vil kalle det det :)
The Graduates Sophia and Linda. <3
Sarah (søskenbarnet) er heilt obsessed av speilreflekskameraet mitt, så ho fann ut at vi to skulle ha ein liten photoshoot nede med brygga vår. Koselig <3
Pretty Sarah!
Verdens snillaste vertsmor <3
PUGGI!!
HOOKAH pipe.. Ein genial oppfinnelse!
Mary Mary <3
I’ll be Up Up & Away
Hallo igjen.
Det er så lenge sida eg har oppdatert om noke her på bloggen, og eg tenker vel egentlig å berre “avslutte”. Men eg kjem ikkje til å slette noke innpå her, fordi eg reknar det jo som ei “dagbok” og eit minne frå USA-året. Eg har ikkje akkurat så mykje å meddele når det kjem til USA-fronten lenger. Bortsett fra at eg hadde eit heilt fantastisk år. Eit år eg kjem til å huske for alltid. Eg har vokse så mykje som person, samt eg har fått mange nye erfaringar og haldningar som eg kjem til å ta med meg vidare i livet. Eg savnar USA masse, men eg veit at året mitt er “over” der borte no, og at eg må fortsette å leve livet. Eg kan jo reise tilbake eller besøke når eg vil. Akkurat no vil eg vertfall berre prøve å leve så mykje “i nuet” som mogleg. Eg skal rett og slett nyte livet framover.
Til alle dåkke der ute som er i tvil om utvekslingsår i utlandet : TA SJANSEN! Berre hiv deg uti det, for det kjem til å vere verdt det!
Ida og eg på ferie i Tyrkia i sommar. Vi var på Tyrkisk bad, fekk ansiktsmaske her, og røykte hookah.
LIFE IS GOOD <3
Graduation (yess litt forsinka)
Hei igjen! Eg veit at eg sa eg hadde avslutta bloggen, men no når eg først la ut eit innlegg blei eg litt reve med igjen. Sooo, her kjem litt bilder og sånt frå Graduation!! Ditta var ca. 1 veke før eg reiste heim til Norge, og mamma, pappa or Martin var i salen her og såg på.
Vi måtte gå i rekker inn til der vi skulle sitte/ stå. Jentene har på seg kvite kåper, og guttane har på seg raude. Det er skulefargane til Spring Lake. I tillegg er det veldig mange som lagar dekorasjonar og slikt oppå cap’en (sånn dei skrive på logoen til der dei skal gå på universitetet), så då slo eg til med eit norsk flagg eg!
Her er alle Graduatane stilt opp. Til sammen var vi ca. 200 elevar in the Senior Class.
// Sophia var vore framme å fått diplomet sitt. Ho var ein Honor Graduate som betyr at ho er ein av dei topp 25 elevane på skulen.
Her blir namnet mitt lest opp før eg får diplomet // Etter seremonien går alle sammen utanfor skulen og gjer den tradisjonelle “hat tos’en”.

Litt av familien min i USA // Tre av utvekslingstudentane på skulen. Meg, Thuy frå Vietnam og Cristina frå Spaniaaa.
Vennegjengen min ; Sophia, Lauren, Kelsey, Avery, meg, Maureen og Annie. Vi viser fram TOMS skoa våre. Toms er eit skomerke/ veldedighetsorganisasjon. Kjøper du eitt par sender dei eit eksemplar av det samme paret til trengande barn i Afrika. Heile senior class’en vår kjøpte og brukte sånne sko.
// Ibs, vertsbroren min, og meg <3
My two favorite mom’s in the whole world <3
Sjå ka eg har laga
Take me back, America!
No har eg vore i Norge i eit par dager. Eller, eg har vel ikkje akkurat vore i Norge så lenge (mindre enn 2 dagar). Akkurat no er eg i Finland, og eg har vore i Estland (Tallinn) også. Eg er begynt å bli ganske lei av å reise no, og meir blir det. Eg bur jo rett og slett i ein koffert for tida. Det blir deilig å få pakka ut ordentlig snart ja.
Sjølvom eg har fullpakka program, så synst eg at å komme tilbake til Norge føles ganske “tomt”. Veldig tomt. Det er vanskelig å forklare det. Livet i USA var så enkelt og lett. Ingen bekymringar liksom. Det er vel berre så uvant å plutselig komme tilbake til Norsk kultur, og ikkje minst det å BERRE snakke norsk igjen omtrent. Eg hatar det, det er så rart og “teit”. Koffor kan ikkje berre alle snakke engelsk liksom?
Det er så masse som har forandra seg her i Norge, og på den andre sida så masse som ikkje har forandra seg. Og eg må jo på ein måte finne ein måte å “passe inn” heilt på nytt. Jaja det er vel ingen som skjønne heilt kva eg meiner med ditta uansett.
Kultursjokk ?
Jaja då var eg komt tilbake til Norge igjen. Det føles veldig rart. Eg følte meg som ein skikkelig turist på bilturen heim frå flyplassen fordi eg dreiv og tok bilder av fjorden og fjella ut vindauget på bilen. Haha.. Det blei flotte bilder i alle fall. Eg hadde jo nesten glømt kor utruleg vakkert Norge er. Det “hjelper” å komme seg litt vekk sånn at ein får litt perspektiv på ting.
I tillegg føler eg at alt her i Norge har “krympa”. Heilt seriøst, alle husa og veiane og byane og alt var MYYYKJE større før. Førde er jo berre ein liten knøtteby eigentleg no synst eg. Kanskje det har med å gjere at alt skal vere så stort og gedigent i USA. Når eg kom heim att hadde mamma laga klubb med kjøttpølse og kålerabistabbe. Til dessert hadde vi krokan-is med heimelaga jordbærsylte. Nammmm det var godt det. Til kvelden skal eg vere med Ida og det gleder eg meg masse til. Ho har jo fått lappen mens eg har vore vekke så det blir “stas” å køyre med ho :)
I guess this is goodbye
I morgon reiser eg heim igjen til Norge, og det er så utruleg trist!! Eg trur det er det vanskeligaste eg har opplevd i heile mitt liv. Eg kjenne eg blir heilt deprimert! :( Eg har ikkje lyst til å reise i heile tatt. Eg er så utruleg takknemlig for alle dei fantastiske opplevelsane eg har fått her borte. Memories for life.
Dei siste dagane har eg sagt hadet til mange folk som har betydd og betyr veldig mykje for meg. Det er rett og slett forferdelig, fordi eg veit jo ikkje om eg noken gang ser dei igjen? På torsdag sa eg hadet til vertsfaren min, og eit par av dei nærmaste vennane mine. Eg var rett og slett skikkelig deppa heile dagen. Fredag var samme greia; eg sa hadet til resten av vennane mine. På lørdag tok eg ACT testen (trur det gjekk ganske bra), og etterpå reiste vi rett til Chicago. Vertsfamilien min var vekkreist i eit familieselskap og eg kunne ikkje bli med pga ACT, så eg var hos ein nabo heile helga. Chicago var amazing forresten og eg hadde 2 fantastiske siste dagar, sjølvom eg har hatt ein stor klump i halsen heile tida. I kveld når eg kom heim måtte eg seie goodbye til alle vertsøskena mine, og fy søren det var vanskelig å ikkje grine. Eg fekk eit kjempefint armband i goodbye-gåve frå dei. Det var skikkelig søtt gjort synst eg. Love u guys!









































